Fortel om elbilbloggar


Har du tips om, eller skriv du ein blogg om elbil, anna elektrisk køyrety, solceller eller vindmølle på taket, og liknande tema som interesserer elektriske lesarar? Har du lese og skriveerfaringar om temaet som du gjerne vil dele?
Legg inn informasjon og lenke om bloggen her for å gjera den meir kjent.



Viser elles til Facebook-gruppa "blogg om elbil" der du kan halde deg informert og gjerne dele informasjon om elektriske bloggar.

Informer om bloggen din her:

Navn

E-post *

Melding *

mandag 25. desember 2017

The dream of an electric car

Engelsksspråkleg, norsk bloggroman om ein som ventar på ein Tesla Model 3, noko som går på nervene laus.

https://dreamelectricblog.wordpress.com


Sveins blogg

Forskar innan IT og transport/miljø som skriv om IT,men òg innimellom om elbilisme.

http://sveino.blogspot.no

Strømvippa

Kommersiell blogg frå straum og ladeleverandøren Fortum, som oppdaterer ofte med artiklar om elbil og lading.

https://blogg.fortum.no/topic/elbil

Sundhult

Interessant, svensk blogg frå garden Sundhult; om sjølvberging, solceller og elbilar.

http://blogg.sundhult.com

El-bil bloggen

Ein blogg som starta med ein som kjøpte ein Nissan Leaf i 2011, og som fortsatte med ein Tesla, seinast i mars 2017.

http://nissanleaf2011.blogspot.no


Teslafrue

Personleg blogg frå Fredrikstad om korleis det er å vera Teslafrue.

http://teslafrue.blogg.no


mandag 4. september 2017

Elbilstatistikk.no

Oppdatert statistisk oversikt over kjøp av elbilar, der dataene er henta frå vegvesenet.
http://elbilstatistikk.no

Same person utgir òg statistikk for Tesla på
http://teslastats.no

Morten CBs Blogg

Morten CBs Blogg
Teknisk og grundig blogg om elbil og lading.
https://blog.mortencb.cx

lørdag 4. juni 2016

søndag 22. mai 2016

Enmira

Verksemd som driv rådgjeving i samband med etablering, drift og vedlikehald av ladeinfrastruktur, og som skriv ein del generelt om elbilisme.

http://www.enmira.net/

mandag 28. september 2015

Bjørvik Miljøhus

http://miljohus.blogg.no

Familie på fire som byggjer miljøvenleg hus på Bjørvikneset. Tips om blant anna solceller.

Energi og klima - blogg

Om nyskaping innan fornybar energi, det grøne skiftet, solceller og klimafinansiering m.m.
Energi og klima blir gitt ut av Norsk Klimastiftelse, som arbeider for utvikling og bruk av nye energiformer for å redusersa energiforbruk og utslepp av klimagassar.

lørdag 26. september 2015

Tankar frå ei reise

reisetankar.blogspot.com

Reiseskildringar frå fjern og nær, blant anna korte og lange turar med ein Citroen C Zero og ein Tesla model 3.

fredag 25. september 2015

Annamona

annamona.blogspot.co.uk

Artikkel frå 2013 om lang, elektrisk bilferie i Danmark og Tyskland.

Blogg.Zero

blogg.zero.no

Zero er ei uavhengig, ideel stifting som jobbar for å avgrensa meneskeskapte klimaendringar.
I nyhendebloggen er det mange artiklar om elbil og anna utsleppsfri teknologi.

Lektrisk

lektrisk.blogspot.com
Nyhendeblogg med artiklar og kommentarar om teknologi og det som rører seg i marknaden internasjonalt om elbil, andre elektriske køyrety og fornybar energi.

Grønne jenter

gronnejenter.no

Livsstilsblogg og "en grønn rosablogg" om bærekraftig utvikling, livsglede, klimaforhandlingar...og ein og annan artikkel om elbil, blant anna tips om elbilferie.

Elbilmannen

http://elbilmannen.blogg.no

Teslasjåfør frå Askøy som skriv om ulike erfaringar med elbilen. Har blant anna skrive om Ikea sitt tilbod om å låna ut elsykkel med tilhengar, hydrogen vs. elbil og om ei dårleg erfaring på danskebåten, der Teslaen fekk ein skade.

søndag 20. september 2015

Elbilplassen

elbilplassen.com

Varierte og oppdaterte nyhende om elbil, hybridbil og hydrogenbil frå andre nettstader, som blir samla i elbilplassen.

Elbilferie

http://elbilferie.blogspot.no

Liste over bloggar der det står om ferieturar med elbil.
Inntil nå ei samling av omlag tjue forskjellige reiseskildringar av elbilturar i Noreg, Sverige, Danmark og andre europeiske land.

Med elbil til Nordkapp

jkirkebo.bloggnorge.com

Om tur til Nordkapp med Tesla, juli 2014.
Bloggen blir kanskje oppdatert i samband med planlegging av ein ny tur nordover seinare.